Hjem > Artikkel

Regulering til spesialområde bevaring

 

Regulering til bevaring.
 
Tidlegare kunne kommunane lage reguleringsplanar der areal eller bygningar vart regulerte til spesialområde bevaring, med heimel i § 25.6.
 
Etter at ny plandel av Plan- og bygningsloven vart sett i kraft 01.07.09 kan det i reguleringsplan avsettast ”hensynssoner” for å ta vare på kulturmiljø (§ 12-6). På reguleringsnivå kan det i mange samanhengar vera betre å gi føresegner (bestemmelser) til arealformålet etter § 12-7, der det etter pkt 6 heiter at ein kan gje ”bestemmelser for å sikre verneverdier i bygninger, andre kulturminner og kulturmiljøer, herunder vern av fasade, materialbruk og interiør, samt sikre naturtyper og annen verdifull natur”. I plankartet set ein dessutan tjukk strek rundt objektet.
 
 
 I Bodø vart det laga ein kulturminnverneplan i 2005 der store delar av sentrum vart foreslått regulert til spesialområde bevaring. Seinare er dette følgt opp med reguleringsplanar.

I Steinkjer vart dei viktigaste bygningane i den sentrale delen av bydelen Nordsia regulerte til spesialformål bevaring i 2008. Her er plankartet, her er reguleringsvedtektene. I 2012 var store delar av Sørsia regulert til hensynssone med formål bevaring. Her er plankartet, og her er reguleringsvedtektene.

I Molde er desse bygningane regulert til spesialformål bevaring (i følgje RBNett 23.5 2010):  Storgata 41 er regulert til spesialområde bevaring. Det er også Storgata 21, 23 og 25, Storgata 37 og 39, Storgata 43 og 45, Storgata 55 og 57, Hamnegata 45, Amtmann Krogs gate 5 og Kirkebakken 1 og 3. For disse eiendommene blir det akseptert at toppetasjene kan ombygges «i tråd med gjenreisningsbyen som kulturmiljø». Men før kommunen behandler søknader om bygningsmessig endring av eksteriøret på disse gårdene skal søknaden legges fram for Fylkeskonservatoren for vurdering og uttalelse».